Om sportellet
Strandebarm Sportell vart opna i 2006. Sportellet er sentralt plassert i vakre Strandebarm som ligg ved Hardangerfjorden i Kvam kommune. Turen frå Bergen tek knapt to timar med bil.
Sportellet er veleigna for treningsleirar for ei rekkje ulike idrettar og for familiar og enkeltpersonar som er interessert i sport eller som vil bruka den fantastiske naturen til rekreasjon og friluftsliv.
Sportellet har også veleigna møterom for kurs og konferansar.